

Loading... Vargtid (2012)by Kristine Tofte
None. No current Talk conversations about this book.
"...I motsetning til mye annen fantasy, er ikke dette skrevet etter en lettvint mal....Psykologen Kristine Tofte har et stort litterært spenn. Her er poesi, eventyrliknende skikkelser, mytologi, historikk og psykologi. Det blir et imponerende — i passasjer lett kaotisk - epos som også rommer storslåtte krigsscener, kjærlighetsscener og krimaktige intriger. Med en dramatisk avslutning, langt mer moderne i sitt budskap enn den gamle mytemoral...."
References to this work on external resources.
|
![]() RatingAverage:![]()
|
"For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte. I slaget på Vigrid har tusener av menn mista livet, og tilbake på slagmarka står femten år gamle Ragna med eit sverd som har redda kjærasten hennar ut av døden. Men kva har ho kjempa for, og kven er fienden? Veslesøstera Berghitte bærer keiserinnakrona i Syrren, og finn trøyst hos ei makt større enn henne, kan hende større enn Ragnas blotsverd. Djupt i Durinns fjell er Runa, den yngste av søstrene, i ferd med å finne sin eigen plass i spådommen om Eirabus endetid. Sogeforteljarane kring dei spinn lagnadstråder tvinna med løgn, sanning og svik. Når siste vers av songen om Eirabu vert sunge, kan tillit vise seg skrøpeleg og dyrekjøpt, men blod kan ein lite på."
Som så mange andre så har eg gledd meg veldig til den andre og siste boka om Eirabu skulle komme ut. Slaget på Vigrid la opp til ei spektakulær avsluting av soga, men let meg som lesar vere heilt i villreie om korleis soga skulle fortsette og avsluttast.
Eg gledde meg vilt med god grunn. Vargtid er endå betre enn Slaget på Vigrid. Kristine Tofte har tatt vare på den gode forteljinga frå førsteboka og gjort den endå betre. Det er så kjekt å lese ei bok som ikkje er forutsigbar i det heile tatt. Forfattaren har og halde fram med å skrive eit slikt fantastisk nynorsk at eg blir nesten rørt, noko eg igrunnen forventa at ho skulle. Eg likar sjeldan å lese skjønnlitteratur på norsk, som oftast fordi den er på den kjedelegaste versjonen av bokmål som kan oppdrivast, men dette er noko heilt anna og større og betre. Som eg skreiv om språket i Slaget på Vigrid: “Det er som å lese musikk, det er mjukt og sterkt, det har klang, farge og variasjon.” Dersom fleire norskspråklege bøker kom med eit slikt fabelaktig språk, uansett målform, så ville eg lese meir på norsk.
Det er berre to små ting eg vil klage litt på, og ingen av desse har det minste med kvaliteten på språket og forteljinga å gjere: Kartet kunne godt hatt litt fleire detaljar. Eg er ein veldig kartoman person som gjerne skulle kunne følgje alle tre jentene alle steg på vegen, og når dei fer stader som ikkje står på kartet så føler eg meg bittelitt forlatt. Eg ville og gjerne hatt ei liste i Vargtid over dei involverte personane. Det er ei stund sidan eg last Slaget på Vigrid, så nokre gonger var eg litt forvirra når det gjaldt kven dei forskjellige personane var.
Og no, når eg er ferdig med å lese om Eirabu, kva håpar eg då?
- Eg håpar at Kristine Tofte vil skrive meir.
- Eg håpar at Eirabubøken blir oppdaga av gode forlag, omsette av dyktige omsetjarar og får lesarar langt utanfor Norge.
- Eg håpar at endå fleire i Norge oppdagar Eirabu. (